Vidsyn Rosendal

rosendal_vidsyn_web_logo

Hannah Storm

I 2021 flytta Hannah Storm, frå Oslo til Bergen, og sidan den gang har ho jobba med blant andre Sondre Lerche, Vetle Junker (AURORA, iris, Metteson), Matias Tellez (Girl in Red, Young Dreams) og Odd Martin Skålnes. Resultatet av disse samarbeida – og ikkje minst eit stort låtskrivar- og vokal-talent – har medført at Hannah er blant namna som blir nemnt oftast når presse og bransje snakkar om kva artistar man bør sjå opp for i tiden framover.

 

Hannah Storm signerte platekontrakt med kredible Petroleum Records og under bransjefestivalane Vill Vill Vest og Bylarm fekk ho både publikum, meldarar og bransje til å måpe. Rett etter sistnemnte festival vart Hannah booka direkte til Øya 2022!

Hannah Storm er ikkje redd for å male på det største melodiske lerretet med både organisk og ektefølt pensel, og det er sjeldan at en artist i startgropa av karrieren leverer musikk som låte så stort. Det vil nok dei heldige som har fått oppleve hennas gåsehudframkallande live-opptreden også kunne skrive under på.

I fjor kunne ein sjå Hannah Storm på Øya og Slottsfjell. I år kan du oppleva ho live på Vidsyn Musikkfestival, og me gleda oss.