Vidsyn Rosendal

rosendal_vidsyn_web_logo

Team Me

I 2010 slo Team Me gjennom som band, då dei var med i Urørt-finalen med låta «Fool». I dei påfølgande åra kom det fleire singlar, som til dømes «With My Hands Covering Both of My Eyes I Am Too Scared to Have a Look At You Now» og «F is for Faker». Dei kom også med fleire plateutgjevingar, og gjorde ein rekke konsertar og festivalar, før bandet vart oppløyst i november 2015.

Til mange si glede vendte indie-yndlingane i Team Me tilbake til musikkscena hausten 2021 med singelen “Song for a Drummer”. Sidan då har fleire nye og spennande låtar komet fram frå bandets unike univers, noko som kulminerte i eit etterlengta studioalbum, titulert «Something in the making», påfulgt av releaseturne i Norge og ein rekke festivaljobbar våren og sommaren 2022.

«Something in the making» er Team Me sitt første album på snart en hel dekade, og er produsert av frontfigur og låtskrivar Marius Drogsås Hagen. Albumet følger opp Spelemannspris-påskjøna «To The Treetops!» (2011) og oppfølgjaren «Blind As Night»(2014). Det er Drogsås Hagens refleksjonar over sine formative år, samt utvikling og utforsking av eige emosjonsregister som har lagt grunnlaget for store mengder ny musikk, kor han spesielt har dratt stor nytte av å reise tilbake til barndommen i Elverum der hans musikalske reise starta.

Dei andre medlemmane i bandet; Simen Schikulski, Simen Sandbæk Skari, Julie Ofelia Ossum Østrem, Elida Inman, Uno Møller Christiansen og Bjarne Alexander Ryen Berg, har som vanlig bidratt stort på innspelinga og utgjer saman med Drogsås Hagen det spennande indie-orkesteret Team Me.

Live har bandet blitt omtalt som et “imponerende maskineri”, og fellestrekk frå omtale i ulik musikkpresse er framhevinga av Team Me sin helt egne evne til å inkludere publikum, samt deira vanvitige grad av samspel –det er tight, det er stort, det er ekte og det er engasjerande!

Me gleder oss over at Team Me, som headliner, skal bidra til at det blir ein magisk avslutning på Vidsyn Musikkfestival 2023.